Tilsvar til vurdering

Mista tillit til han

Eg har hatt Stangeland som lege så lenge eg kan hugse. Har stolt på han og vore fornøyd. Om du kjem inn med noko konkret som ein knekt arm eller halsbetennelse, så er han super, men med ein gong det er noko difust og vanskelig å sette diagnose på, blir han trass og vrang.
Følte han ikkje hørte på meg, og vart sint og kjefta då eg spurte om vi ikkje kunne teste for noko anna. Gjekk bl.a. med feber i fleire måneder, og fekk bare beskjed om å komme inn igjen om tre veker så fekk vi sjå om det var noko endring. Kva skulle eg gjere i mellomtida?
Har no skifta fastlege og satsar på å finne ut av det og bli frisk.