Tilsvar til vurdering

Skifta fastlege etter eit besøk

Det var første besøket hjå han, med dattera mi som på det tidspunktet hadde han som fastlege. Ho stakk seg på ein brukt narko-nål tidlegare i sumar, vi tok blodprøve og fekk hepatitt b på legevakten samme dag, og beskjed om å ta kontakt med fastlege for oppfølging etter tre veker. Eg ringte difor til legekontoret, forklarte situasjonen (at vi trengte ny blodprøve og ny sprøyte med hepatitt b). Dette kvidde sjølvsagt dattera mi (5 år) seg til. Då vi kom fram derimot, hadde ikkje legen fått beskjed om kva det gjaldt, han hadde ikkje fått noko informasjon om hendinga frå legevakten, og han ville ikkje ta blodprøve eller gje vaksine. Han henviste oss til "Infeksjonsforebyggende kontor" og sa at det var dei som skulle handsame slike saker.
Då eg ringt der fekk eg time, men måtte vente neste to veker på å få kome til. Der sa dei at dei hadde eit tilbod på oppfølging av stikkskader, dersom ein ikkje hadde fått andre tilbod.

Eg sa frå i respesjonen at eg ikkje sette pris på denne bomturen, ettersom at eg hadde forklart tydeleg då eg tinga timen kvifor eg hadde tinga den. Dei på sin side forstod ikkje kvifor vi ikkje fekk ta den blodprøven vi hadde bedd om.

Det er uvisst kvifor vi fekk denne handsaminga, og eg skal ikkje spekulere i det, men det første eg gjorde då vi kom heim var å skifte fastlege.