Tilsvar til vurdering

Trygg og dyktig handverker med ypperlig kundebehandling

Eg kom etter 12 år uten tannlege behandling.

Eg kjende fysisk ubehag om tannlege vart nemd, og hadde i svært lang tid frykta den dagen eg måtte gå til tannlege. Dette samt svært varierande om mangelfull tannhygiene hadde ført til eit lite vakkert utgangspunkt med mykje skader når eg omsider tok mot til meg og søkte etter tannlege med kompetanse på odontofobi.

Eg vart møtt med forståing og ambisjonar for mine tenner som var langt utover kva eg hadde trudd muleg.

Med god hjelp frå dyktig tanntekniker og opplæring som har endra mi daglege tannhygiene drastisk, har resultatet blitt slik at eg no smiler med tenna synleg. Det gjør ikkje lenger vont nokon stad i tenna, og eg flekke tenner utan å skjemmast og eg skulle få lyst til det.

Tidlegare kunne det gå kalt nedover ryggen bare bussjåføren annonserte " neste stopp tanlegehøgskulen " no er ikkje lenger nervøs på venterommet eller i tannlegestolen.

Anbefalast på det varmaste av ein som tidlegare delte syn på tannleger med Karius og Baktus.