Tove Legernes
Kvinne, 64 år
Spesialisering
Godkjenning
Ledige plasser
Motta varsel hvis denne legen får ledig plass
Legernes er den absolutt beste fastlegen eg har vore i kontakt med. Ho er alltid kjapp med å svare på melding, resepthenvendinger og anna. Sjølv om samtalane er kjappe og effektive, gir ho ein oppleving av at ho har tid og interesse for å lytte. Ho er ikkje redd for å ta ein ekstra kontroll eller ta seg tid til å lytte til og kontrollere fleire aspekt enn det som ein tar opp i utgangspunktet. Ho er grundig, og avdekker difor oftare kjernen av problemet. Ho er kunnskapsrik, og samstundes ærleg om eigne begrensingar. Då henviser ho vidare, og følger tett opp, og visar interesse for å lære og utvikle seg. Eg opplever meg alltid godt ivaretatt, sett og høyrt i møte med Legernes. Eg kunne ikkje vore meir nøgd med ein fastlege. Ho gir ein oppleving av at ho ser heile menneske, og ikkje berre sjukdomssymptomar.