Tilsvar til vurdering

Kunnskapsrik, breidt kompetent og trygg

Eg er i aldersgruppa ± 80, og hev som mange på min alder eit ihopsett helsebilete; både ålvorlege og mindre ålvorlege helseutfordringar. Madeleine Isik er grundig. Ho nøler ikkje med å kontakte spesialisthelsetenesta under konsultasjonane dersom ho finn det nyttig eller naudsynt. Eg føler meg alltid trygg som pasient hjå dr. Isik, anten det gjeld bagatellar eller hjarteutfordringar.
Heilt sidan eg var liten har eg hatt fastlækjar, før kalla huslækjar eller familielækjar. Eg har aldri alle desse åri kjent meg so trygg som pasient hjå ein doktar som eg gjer hjå Madeleine Isik. Ein fyrsteklasses lækjar!