Tilsvar til vurdering
Profesjonell, høfleg og svært trygg
Skogland er ein svært god og ansvarsfull allmennlege. Eg fortalde for ca ti år tilbake at far min hadde hatt ein alvorleg sjukdom. Skogland kartla situasjonen for meg og tok årleg prøve for denne sjukdommen. Eg visste ikkje sjølv at han gjorde dette. Konsekvensen for meg var at sjukdommen for mitt vedkommande blei oppdaga på eit tidleg stadium. Det blei då sett inn behandling. Vi snakkar her om livstrugande sjukdom. Eg har opplevd Skogland som profesjonell, høfleg og svært trygg i arbeidet som allmennlege.