Tilsvar til vurdering

Dyktig tannlege

Eg har gått til både Clemens og Sægrov. Opplevde Sægrov som roleg, nøye, og som tok seg tid til å forklare. Verkar å vere opptatt av at pasienten ikkje skal ha unødvendig ubehag. Gjekk til han med rotfylling etter ei plombe løsna. Visste frå før at rotfylling kan vere svært ubehageleg. Han sette rikeleg med bedøvelse før han begynte. Han stoppa behandlinga sporenstreks når det viste seg at det ikkje var nok bedøvelse, og fylte på meir. Slik blei rotfyllinga mi ikkje ein så ubehageleg opplevelse som eg frykta. Anbefalar gjerne denne tannlegen til folk som syns tannlegetime er mindre kjekt.