Tilsvar til vurdering

Den beste tannlegen eg har hatt

Askevold omgjer seg med tryggheit og vennlegheit i frå du kjem inn døra til du går ut igjen glad og fornøgd. Eg og mange meg meg,hugsar den traumatiske opplevinga hos skuletannlegen! Trur dei har ødelagt fleire tenner enn dei har ordna.Det er ingen som tørr å gå til tannlegen på mange år etter det,slik var det med meg og. Etter å prøva å feila enda eg tilslutt opp hos Askevold. Det blei rett og slett ein nytelse(kansje litt overdreve)Men etter gammal vane var det første eg bad om bedøvelse,eg stålsette meg,kneip meg fast i stolen som om det var ei livbøye,gapte og venta på sprøyta.Askevold småprata og eg venta....No tenkjer eg bedøvinga virkar,sa han plutseleg."Skal ikkje du sette sprøyta først?" spurte eg. Det kunne han fortelle at han var ferdig med,utan at eg hadde kjent det! Då skjønte eg at eg var komt på rett plass