Tilsvar til vurdering

Det finnest ikkje ord...

...for kor bra ein tannlækjar Anders er. Eg hadde ein pause på 13 år frå eg var hos den horrible skuletannlækjaren eg vaks opp hos til eg endeleg fann Anders (ok, eg gjekk først til han av di han var den som hadde best tilbod om dop (eller narkose, som dei kallar det)) og fekk gjort ei skikkeleg opprydding.

I ettertid har vi gått stega frå narkose til lystgass og no har han jammen klart å lure meg til å sette bedøving med sprøyte også. Merka ikkje at han satte sprøyte i tannkjøttet på meg ein gong. Tannlegeskrekken er så godt som borte. Fantastisk rolig og flink fyr.