Tilsvar til vurdering

Vanskelig å få tak i

Eg har kun hatt behov for å henvende meg til Toril på to forskjellige tidspunkt i løpet av den tida ho har våre fastlegen min.

Toril bryr seg heilt tydelig om pasientane sine, men eg har ein del konstruktiv kritikk å kome med:
- Når eg har hatt time har eg måtte vente i ein time over avtalt tid før eg kom inn til konsultasjon. Dette vert vel lenge.
- Eg følte meg ikkje teken på alvor når eg var der. Eg ville gjerne ha ta ei rutinemessig blodprøve for å sjekke evt. vitaminmangel på grunn av mitt plantebaserte kosthold. Det første eg fekk beskjed om var å ete eit egg i ny å ne. Blodprøvene kom tilbake heilt supre, verdiane mine har aldri våre så bra. Men antakelsen om at det var noko feil med kosthaldet mitt når eg ber om ein rutinesjekk kunne eg våre foruten.
- Ved henvendelse nummer to har eg ikkje klart å nå Toril eller legesenteret på to veker. Eg har ringt inn på mange forskjellige tidspunkt også, og måtte til slutt gå på legevakta for å få resepten eg hadde behov for. Dette kosta meg mykje tid, og ikkje minst ein pengesum som burde våre unødig.