Tilsvar til vurdering

Effektiv og dyktig kjeveortoped som berre trekk tenner der det er heilt nødvendig.

Me har hatt to gutar som har gått til kjeveortoped Signe Storesund. Me er svært fornøgd med arbeidet hennar. Der andre kjeveortopedar ville trekkja tenner brukte Signe ein annan teknikk som gav eit nydeleg resultat uten å trekkja ei einaste tann. Gutane har hatt lite vondt og plager undervegs i behandlinga, og eit overbitt på 9 mm er i dag blitt eit flott smil med jamne/beine tenner.
Dersom me trong hjelp undervegs i behandlinga vart det alltid ordna med tid til oss.
Signe Storesund er effektiv og kan nok av og til virke stressa og bestemt, men jobben ho gjer er flott. Eg tenkjer at folk må bli flinkare til å søkje informasjon om ulike metoder som kan brukast innan regulering av tenner, og ikkje berre gå til den kjeveortopeden som er nærmast eller den alle andre går til. Det er viktig å tenkje på at det skal bli eit resultat som ungen skal leve med resten av livet. Det å trekkje fine tenner og skubbe dei andre bakover ved eit overbitt bør vera siste utveg, tenkjer eg.