Tilsvar til vurdering

Den beste fastlegen eg har hatt hittil

Måtte bruke litt tid på å overbevise henne om at ein tilstand eg hadde trong høgare dose og spesialist, men vi kom då på same side etterkvart. Ho oppdaterer seg på ting relatert til helsa mi og har alltid vore rask med å følge opp med henvisninger og behandling. Synest ho alltid har god oversikt over utviklinga i helsa mi og tar seg god tid til å høyre korleis du har det og føler det, følger også tett opp psykiske utfordringer. Ho er varm og humoristisk og har også ringt dersom det har hasta, samt svart raskt på internsider. Eg har reist nesten 1,5 time ein veg for å ha henne som fastlege og bytter no fastlege kun fordi ho har byrja å jobbe ein annan plass. Hadde aldri bytta henne bort om eg ikkje måtte!