Tilsvar til vurdering
God, trygg og kunnskapsrik fastlege
Rolf M. Sleire er ein fantastisk flink lege som lyttar til pasientane sine, tar seg tid og er veldig kunnskapsrik. Han forklarar på ein måte ein forstår, og er veldig flink til å trygge pasienten før den går frå legekontoret eller ein legg på i telefonsamtale. Han er flink til å følgje opp, og svarar kjapt på Helse-Norge og telefonhenvendingar. Han møter pasientane på ein god måte, er flink til å sjå pasienten, og er flink til å legge til rette og vise forståing og forklare dersom det er noko pasienten er redd for. Han er god å snakke med og er ein lege ein føler seg trygg hjå og som ein kan stole på.