Tilsvar til vurdering

Fastlege med menneskeauge

Dr. Sørland er den fyrste fastlegen eg har hatt der eg kjenner meg høyrt, og som faktisk driv aktiv oppfølging når det trengs. Eg har stor lege- og sjukehusangst, og tendenserer til å unngå legekontoret, men med Anne er det så mykje lettare å be om hjelp. Eg føler meg ikkje like til bry, eg får konkrete og realistiske forventingar til ulike problemstillingar, ho er hyggeleg og saklig, og kjapp med reseptar og tilbakemelding.

Einaste minuset er legekontoret; eg opplever at det er utfordrande å få time om det hastar, og at ein må bestille time ganske langt fram i tid. Dette er eit lite legekontor, så det gir meining, men det er noko med forbetringspotensiale.