Tilsvar til vurdering
Skikkeleg godt ivaretatt
Bestilte time på netter for konsultasjon for brystreduksjon menn (gynekompasti). Rask stadfesting på timen.
Trur ikkje det er så vanleg at menn 64+ foretar dette, og vart svært godt forklart kva som er fordeler og ulemper med å vera i den alderen. Det gjorde meg trygg på at valet mitt var fornuftig.
Hadde sjølvsagt mest kontakt med Ståle Buhagen, og kan ikkje få fullrosa han nok for veremåte og dialog. Likeeins berre lovord om resten av teamet eg møtte frå resepsjon, anestisjukepleiar, anestesilege og operasjonssjukepleiar.
Klinikk A og Ståle Buhagen vart valt etter å ha vurdert fleire aktuelle klinikkar, og eg er svært fornøgd med valet både med omsyn til resultat av inngrepet og elles.