Tilsvar til vurdering

Profesjonell behandling og trygg opplevelse - anbefales på det varmeste

Eg tok øyelokkoperasjon hos denne klinikken og kunne ikkje vore meir fornøgd. Hadde lenge slitt med hengande hud som fekk meg til å sjå trøtt ut, men no føler eg meg både letta og mykje meir opplagt.

Var veldig nervøs før eg kom, men blei møtt av ei blid og roleg sjukepleiar, Mette, og legen Marcus tok seg god tid og forklarte alt på ein trygg og forståeleg måte. Eg følte meg godt ivaretatt heile vegen og det betydde mykje for meg. Eg har fått god oppfølging. Dei møtte til og med opp på en fridag for å se til sårene mine.

Eg valgte denne klinikken fordi både tilbakemeldingar og erfaringar frå folk eg kjenner var så gode, og det stemte verkeleg! Kan varmt anbefale dei vidare.