Tilsvar til vurdering
Lite interessert og ikkje tilstede
Har alltid vore fornøyd med Etai som lege. Han var på ballen, svarte på meldingar og var engasjert.
Dei siste to åra har dette tapt seg enormt. No svarar han ikkje på e-meldingar, utsett timeavtalane på kort varsel, kjem ikkje på avtalte besøk osv. Umulig å få tak i. Vanskelig å få han til å henvise videre til spesialist. Meiner smerter er ein tilstand ein må leve med. Har ikkje tru på medikament for psykiske problem, ingen tru på smertestillende for tydeleg smertepåverka pasientar. Sjukemelding driv han ikkje med, meiner alle har det vanskelig eller utfordrande i livet og at sjukemelding ikkje er svaret. Virker meir interessert i å fylle opp listene sine, og ta ut lønn og ferie.