Tilsvar til vurdering

"Tenk på at det er nokon her i verda som har det verre enn deg"

Eg har slitt med meir eller mindre kronisk kvalme i eit par år, som vart verre medan eg budde i Bergen. Eg vart henvist vidare til spesialist, som er veldig bra. Men då dei ikkje fann noko og eg kom tilbake, fekk eg beskjed om at ho ikkje visste kva det kunne vere, som i og for seg er greitt, ein kan jo ikkje vite alt. Det eg reagerte sterkast på var at eg fekk beskjed om at eg kunne tenke på at "det er nokon her i verden som har det verre", og at eg "tross alt" hadde ein familie og materielle goder, og at det kanskje ikkje var så ille likevel. Dette opplevde eg som svært fornærmande og nedlatande, og eg vil ikkje anbefale ho. Det er berre ikkje noko ein seier til nokon som har vore sjuke lenge og ikkje vil noko anna enn å ikkje gå rundt og vere dårleg heile tida.