Tilsvar til vurdering

Den beste legen eg har hatt

Kathleen passar meg bra. Ho er veldig direkte og ærlig, men veit å undersøke alt som feiler deg og finne ein kur. Er open om at ho ikkje vil sette ein diagnose før ho er sikker, sidan ein journal full av plager til dømes kan gi problem med helseforsikring i andre land. Det einaste negative eg kjem på å si om ho er at ho kan vere litt snakkesalig. Hadde truleg aldri bytta fastlege om ikkje det var for at eg ikkje er student lenger.

Tilgjengeligheita er ikkje den beste, det har stort sett alltid vore 15-45 minutt forsinking på SiO Helse, uavhengig av kven eg har hatt time hos. Timebestilling er lettare enn det ser ut, då du kan bestille med sms.