Tilsvar til vurdering

Min gynekolog gjennom snart 25 år

Ipsen har vore min gynekolog gjennom ivf-forsøk med henvisingar til Trondheim, svangerskap og no til sist overgangsalder.
Han evnar balansegangen mellom å vere personleg, men ikkje privat. Han blir aldri for nærgåande og emosjonell, men har ein passeleg fagleg og menneskeleg distanse. Eg har forståing for at han kan opplevast som kanskje vel distansert og til tider litt arrogant, men eg meiner å ha funnet ein form i samtalane med han.
Han er hyggeleg, to-the-point og høfleg, og han evnar å "roe ned" når det er naudsynt. Mang ein gong har eg gått derfra med ei langt betre kjensle enn då eg gjekk inn.
Eg ser han nærmar seg pensjonsalderen, og eg ser ikkje fram til å måtte finne ein ny gynekolog når eg har vore i så gode hender i mange år. Hans trygge ståstad i faget sitt gjer at eg kjenner meg trygg og ivaretatt.