Tilsvar til vurdering

utrulig enkel å ha med å gjere!

No skal det seiast at eg ikkje likar å gå til lege, og sjeldan går til legen, men dei gangane eg har gått/ hatt kontakt med Birgitte har eg vore so positivt overraska!
Ho er genuint interessert i meg som både person og pasient og eg har fått den hjelpa og dei svara eg har vore ute etter.
No har eg flytta til Bremanger, og har fortsatt fastlege i Bergen (over 5 timar unna), men det har faktisk ikkje vore noko problem. Her i Bremanger tar det ofte opp til månadar for ein legetime, og legevakta er som regel 45 min kjøring pr veg.. Derfor har eg hatt kontakt med Oasen legesenter og Birgitte over telefon når det har vore noko, og det har rett og slett bere vore utruleg ENKELT og sytalaust.

Seinast i går var eg hjå fysio, der eg fekk beskjed om å ta en kur med betennelsedempende. For å få tabletter måtte eg eigentleg på legevakta, noko som er vanskeleg iom at eg ikkje klarar å kjøre bil 45 min kvar veg pga smerter. Ringde til Oasen Legesenter og forklarte situasjonen, og med ein telefonsamtale til min fysio, fekk eg melding kort tid etter om at resept var skriven ut og låg på apotek for henting.
Kan ikkje beskrive kor takknemlig eg er over å ha ein fastlege der slike småting kan fiksest så enkelt og greit!

Legane her i Bremanger hadde krevd ein legetime for å skrive ut ein enkel resept, sjølv med diagnose og forklaring fra fysio. (kan jo tape litt pengar på det viss ikkje). Så Birgitte og Oasen Legesenter er mykje enklare å ha som fastlege, sjølv om eg bur 5 tima unna og ikkje kan møte opp ansikt- til ansikt.
Evig takknemlig!!!