Tilsvar til vurdering

Dårleg kundeservice

Barnebarnet mitt på knapt 13 år, hadde time i dag 10.40.
Ein god halvtime seinare vende eg meg i skranken for å høyra korleis det gjekk. Guten var då sjuk i hovudet, lei av å venta og plaga av støy frå P4. Eg snakka med ein kjenning som venta på same legen, ho fortalde at det var vanleg å måtte venta. Dette sa dama i resepsjonen og. Når me hadde venta i tre kvarter, varsla eg at me berre måtte reisa heim, guten klarte ikkje venta lengre. Eg tykkjer dette er respektlaus behandling av pasientar, og vil no byta fastlege for han.