Saeedeh Bagheri Helland
Kvinne, 45 år
Etter å ha gjennomgått fleire kurs mot tannlegeskrekk og blitt tilrådd denne tannlegen på det eine kurset, såg eg litt lysare på det å få operert ut ei tann som hadde valda mykje ugagn.
Dessverre vart dette ei liknande oppleving som den som skapte tannlegeskrekken i utgangspunktet.
Eg fekk nesten ingen informasjon om kva som vart gjort, og ho var lite viljug til å svare på spørsmål.
Frykta mi er at det verkar som om verktøya til tannlegane er dei same som i vikingtida, og at rå kraft er det som gjeld ved trekking.
I høve til kurset, der det vart sagt at ein alltid kunne spørje om kva som skal bli gjort for å bli trygg på behandlinga, verka ho heller irritert over bekymringane og spørsmåla mine, og ho svarte svært kort om ho i det heile fekk fram eit svar.
Det tok over ein time å få tanna ut, noko som var forferdeleg vondt. I dagane etterpå blødde eg mykje og hadde feber. Då eg ringde for å spørje om dette var normalt, fekk eg ikkje snakke med henne, og ho ringde heller ikkje opp att som avtalt.
Etter fire dagar utan svar, men med mykje ubehag og blødingar, måtte eg oppsøkje ein annan tannlege som gav meg antibiotika og som fekk rensa bort restar som ikkje var fjerna.
Eg har på mange måtar rykt tilbake til start og har på nytt fått store problem med å oppsøkje tannlege.
Mykje av dette kunne ha vore unngått ved å vere meir imøtekomande og svare på spørsmål, og ikkje få meg til å føle det som om det var ei plage å bli spurd om behandlinga. Og i alle fall svare når det oppstod komplikasjonar i ettertid.
Positivt med flotte kontor og venterom med både vatn og kaffi tilgjengeleg.
Eg valte dette tannlegekontoret for å få fjerna to visdomstenner, etter å ha høyrt mykje bra om klinikken - og dei skuffa ikkje! Saeedeh gjorde prosessen med fjerning av to visdomstenner så mykje betre enn eg frykta, ho førebudde meg på kvart steg i prosessen og fekk meg til å føla meg trygg. Ho er superdyktig og gjorde ein utmerka jobb med å fjerna visdomstennene - den eine låg også vanskeleg til. Eg er så glad for at eg valte denne klinikken og vil definitivt ha Saeedeh til å fjerna mine siste visdomstenner også.
Var hos Saeedeh og trakk en visdomstann i høst, og alle myter om visdomstannstrekking ble gjort til skamme. Det hele var over på 15 minutter. Saeedeh er flink pedagogisk, og ledet meg gjennom hele prosessen. Hun var tydelig, men samtidig med et godt humør.